av
in søndag, november 5th 2006 Lagret under:
bilkøyring,
ukjend
Eg kjem frå Jondal. Det veit dei som kjenner meg. Dei som kjenner meg veit også at det er her eg har lærekøyrd. Her eg har spunne opp bildekka på bilen, og skyssa systre til og frå aktivitetar. Bortsett frå Jondal, har eg sjølvsagt vridd rattet i Bergen, og endåtil i andre mindre store byar og bygder i Noreg. Volda. Arendal. Setesdalen. Norheimsund. Haugesund. Odda. Men utlandet, seier du. Nei. Der har eg aldri trykt inn gasspedalen. Ikkje før i går.
Piemonte er ein region som femner om nokre meir eller mindre veldig store byar. Milano. Torino. Novara. Alessandria. Vercelli tek eg ikkje med sidan Vercelli er ein del mindre. Uansett. Eg har køyrd bil i Torino. I downtown Torino. Ein liten Ford Fiesta proppa med fem menneske, tre kart og ein god porsjon retningssans. Ikkje min, vel å merka, for den eksisterer ikkje.
- C’è un regole qua in Italia, che quando guido, devo fermare per tutte macchine venire destra per me? Finst det høgreregel i Italia, spør eg, etter 15 minutt i føremiddagsgryta i byen. Neidå, vai, vai (Køyr, køyr), seier han på sida.
Gatene er litt breiare her. Det resulterer i at det nesten er plass til to bilar i breidda. Nesten. Altså. Det er ikkje plass til to. Eg er vane med at det er plass til ein bil i heile vegen, og held meg difor godt ut til høgre. Når kompressormercedesane skvisar seg opp i sida på vår søte, blå Fiesta, og Yannick, vår franske, og lettare nervøse eigar av bilen, ropar om kvar augo mine er, går det opp for meg.
Shit. Eg køyrer bil i Torino. Torino med nesten ein million inbyggjarar. Torino, hovudstaden i Piemonte. OL-byen Torino. Eit areal på 7000 kvadratkilometer. Eg er 19 år frå Noreg. Vanlegvis sosar eg rundt i Jondal. Jondal har 1000 innbyggjarar, og ei gate. Den er som regel tom. Ein gong køyrde eg på feil side gjennom Jondal. Ingen merka det.
- Vai, vai, vai!! Her er det ikkje snakk om å stoppa for fotgjengarar som med bedande dådyrauge. Ikkje snakk om å stoppa for familien på sykkel som vil over vegen der det er fotgjengarfelt. Eg stoppar likevel. Vinkar og smiler. Synest det er søtt at alle har hjelm og ser lukkelege ut. Eg trur dei trur at eg skal køyra dei ned. Dei nektar iallfall å passera. ¨
- For ørtande gong, Torill. Du er i Italia. Ikkje i Noreg, presiserer Yannick. Eg veit det, tenkjer eg igjen. Men eg er framleis koseleg. Eg har ikkje gløymt at du skal vera defensiv i høve fotgjengarar i trafikken. Litt lærde eg då på køyreskulen. Eg veit ikkje om dei lærer det same her. Eg trur ikkje det.
Nokre gonger er det slik at hjernen seier ein veg, medan han på sida noko anna. Ganske morosamt. Iallfall når det ikkje er så mange bilar i vegen. – Sinistra. Sinistra. Eg køyrer til destra. Høgre. – No, nooooo, laaaaa, dopo quello macchina. Eg køyrer ikkje etter den bilen. Eg køyrer framleis mot høgre. – Non destra, S-I-N-I-S-T-R-A! Så køyrer eg til venstre. Treffer krysset, og er på rett veg. Alltid på rett veg. Eg har kontroll. Om resten av bilen trur eg har kontroll. Nei. Latteren på sida greier eg ikkje heilt å kategorisera. Nervøs- eller morolatter.
Eg trur det fyrste alternativet. Men konkluderer for min eigen del med at han ler fordi han synest det var morosamt. Ikkje skummelt. Men eg veit ikkje.
Tips oss hvis dette innlegget er upassende