Du er ny. Det er ingen andre. Dei går way back. Å vera ein "incoming call" i ein vennegjeng er intet mindre enn interessant. Elementa er mange, varierte, typiske og openbare.
Du har sjarmøren. Alltid. Garantert relativt høgt oppe på kjekkheitsskalaen. Pratar, kjatrar, smiler, skrattar. Dei andre høyrer på det han seier, sjølv om han ikkje har monopol på snakkemarknaden. Han du ser fyrst, og snakkar med fyrst. Han du lurer på om du er forelska i. Sannsynlegvis ikkje. Fasinert berre.
Så: Paret. Seff er det eit par. Dei går gjerne way back dei og. I stille stunder kveilar dei seg opp i kvarandre og sussesnakkar slik berre eit kjærastepar kan gjera. Gjerne litt for seg sjølv. Men like fullt medlem av gjengen. Kan dansa mest, drikka mest og snakka minst. Dei har uansett kvarandre.
Smartassen lurer seg inn overalt. Den vitande. Han som kanskje kan mest om mest, og som gjerne snakkar om det. Ikkje bevisst sjølvsagt. Han som skal advara deg mot casanovaen. Og som bryt inn i samtalar, og ler av nerden. Rettar på ting. Sjølvtillit til himmelen. Han du har intelligente samtalar med. Men berre når de er få, og det ikkje er alkohol i omløp.
Det er alltid ein som er søt. Så søt at du berre elskar han. Gensamansetnad til himmelen. Han du alltid kan snakka med. Om alt. Og som smiler til deg kvar gong du går forbi, sjølv om han ser eit hot, potensielt kvinne/manne-bein bak deg. Sikkert ikkje fasjonabelt kledd. Ikkje nødvendigvis vakker. Men med eit nydeleg mind. Han du klemmer lengst kvar gong du reiser frå han og seier med tårevåte auger; eg kjem til å sakna deg.
Nokre er sinnsvakt gode i matematikk. Andre er usmakeleg gode på sosialisering. Gjengen har eit sosialt orakel. Han som snakkar med alle like lett, har nazigod tone med alle, ler med alle, dansar med alle og er ute på byn lengst. Han er enkel og snill. Og alltid tilstades.
Den ekksentriske er der, seier ikkje stort, har rart hår, rar musikksmak, grisegod peiling på kunst og spelar saksofon. Den du snakkar med sist, men vert mest mentalt interessert i. Skummel kanskje. Men berre på overflata. Det er han som kan gå inn i kva som helst butikk og folk ser etter han. Av fasinasjon, glede, tiltreknig eller avsky. Kven veit?
Nerden er der også. Han som har problem med å kle seg. Ser litt guttete keitete ut, litt kvalpefett på magen, treningsjakke på byn og 80-tals hår. Han smartassen gjerne ler litt av. Men han som likevel er med. Alltid der. Og har respekt. Nerden er kanskje ikkje nerd. Men framstår for ein nykomling som det. Men han du synest er søt. Berre fordi han er litt rar.
Kven du endar opp som, veit ingen. Hopefully som deg sjølv.


