Nei, eg har ikkje gløymt at eg handla meg nytt kamera før eg reiste til Italia. Det er på plass, og husar per dags dato eit lass bilete.

Desse bileta er frå byen Como, som litt ved Lago Como. Ein dige innsjø i Piemonte, om lag to timar frå Vercelli.

Lite utsiktsbilete. Byen på andre sida er ikkje Como, men ein annan liten by i nærleiken. Eg tok eigentleg biletet grunna den aldeles heilskjønne båten på vatnet. Men fann ut etterpå at den var søtare i røynda enn på biletet.

Nedanfor stasjonen stod denne statua. Litt moro berre å setja seg oppi handa. Er det instinktet om å bli teke vare på som ropar etter meg igjen.

Mitt aldeles nydelege reisefylgje. Anna til venstre, og Kasia til høgre.
Etter eit visst antal oppoverbakkar, som mest gav meg heimlengsel, kom me til ein bitteliten veg som hadde nydeleg utsikt over den mindre nydelege skodda. Men Como er fin, då.

Vandring langsetter innsjøen. Ein innsjø me ikkje eingong såg ein tiandedel av. Den er vanvittig diger, og hakket meir digg i solskin. Liten ekstrakommentar. Eg gjekk med stillongs. Det seier sitt.

Litt av Como i bakgrunnen her. Sjølv om det er på til venstre for meg det er hakket meir fint.

Vurdert til: av 5 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende