Eg sveittar i vinkel. Små perler ispedd ein dråpe salt, elvar seg nedetter kjakane mine. Nedetter ryggen. Nedetter leggane. Oppå huda og under huda.
Nei, eg snakkar ikkje om når eg spurtar dei siste metrane av treningsturen min. Eg snakkar om når eg skal sova, når eg skal handla mat, når eg skal gå til forelesning, og når eg går frå forelesning. Vercelli tullar ikkje sommar. Italia er ikkje Noreg. Eg er verkeleg på eit par breiddegrader lenger sør. Det har vorte sommar i mai. Og eg har svømt i ein innsjø som hadde behagelege 28-29 grader. I mai. Hjernen min vekslar mellom å kjenna seg priviligert som får oppleva dette, og sliten av å gå med hatt for å beskytta hjernecellene frå å svi opp.
Vercellesarane sjølve har òg skjøna at veret har vorte varmare, og har til alt hell (for det meste anyway), bytta ut dei svarte stiletthælane med gullsko med stiletthælar. Og den svarte kåpa har endeleg fått marsjordre. Utekafeane er fulle av isetande gamle menneske, unge menneske, studerande menneske og klinande par. Eg smeller på meg monstersolbrillene mine og seier ja og ha og føyer meg inn i rekkja av isetarane, heller vin oppi eit glas og skåler med brunsvidde veninner.
Kvar vinter trur eg at eg er eit vintermenneske. Berre så rart at eg kvar sommar finn ut at eg ikkje er det.


