Slutt å legg ut om slankekurane dine. Slutt å snakk om kor mange kilo du vil gå ned i vekt. Viktigast av alt; slutt å klag over dei ekstra kiloane rundt mageregionen. Eg er ikkje interessert. Hald det for deg sjølv, eller finn nokon andre å bruk som klagemur. Det er det minst interessante eg kan tenkja meg å snakka om. Dine ”mista vekt”- prosjekt bryr meg midt i sprekken av den største muskelen på kroppen. (For dei uinvidde: rompa).

For eg nemleg. Eg slankar meg IKKJE. Og har heller ikkje tenkt til å gjera det. Det lærer eg deg no. At du berre skal eta eitt egg til lunsj, eller èi tomat til frukost, synes eg er det kjipaste å snakka om. Du på ei anna side legg ut om slankekuren din, som eg forsiktig prøver å overbevisa deg om at er alt anna enn sunn. Og du har ikkje tenkt å lea på kroppen din, seier du? Som ein sportsfrik, seier eg deg det med ein gong, utan å rista på det synlege evt. usynlege flesket ditt, kjem du ikkje til å verta tynn.

Det aller verste er likevel kanskje når du skal syna meg dei delane på kroppen du ikkje likar. DET kan du spara meg for. Eg veit korleis utrent menneskekjøt ser ut. Eg har det sjølv. Og for å vera ærleg, er det få som ikkje har det. Og for å vera ærleg ein gong til har eg sannsynlegvis lagt merke til feittet, om du altså har så forferdeleg mykje.

Og NEI, eg har ikkje vekt!

Fy flate, går det an å bli så tomme for samtaletema.

Og kvifor strevar du etter å bli tynn, uansett?

Kven i granskogen bestemte at det er så forferdeleg vakkert.

Og forresten; om du er hankjønn og har meiningar om vekta mi, hald dei for deg sjølv. For meg er det nemleg heilt, komplett uinteressant å høyra at eg nok kjem til å legga på meg om eg sluttar å jogga fire gonger i veka. Korleis vågar du? Kva i all verda veit du om forbrenninga mi. Piss off.

Eg drit i vekta di, det bleike kjøtet ditt og ”drikka ei teskei sitronsaft i døgeret”- dietten din. Så om du ikkje har noko anna å snakka om, snakk med nokon andre. 

Eg meiner det. Eg har fått nok.

 

 

 

 

 

 

 

Vurdert til: av 19 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende