Symbolet på Torino er denne gamle synagogen som no fungerer som kinomuseum. Det er mogeleg å ta heis opp i toppen og sjå utover byen. Det gjorde me. Om det var bra? Fantastisk. Museet også i ei klasse for seg sjølv.

Ikkje akkurat blåhuset. Her gassar ordføraren i Torino seg.

Ein av dei større og meir kjende piazzaane i Torino. Og nei, eg hugsar diverre ikkje kva den heiter. Veit berre at den var finfin.

Garantert ei kyrkje eller eit anna religiøst hus. Syntest det var så fint der det stod å lyste i sola.

Så fint at eg måtte ta eit bilete saman med det.

Fint hus. Fint hus. Sikkert berre vanlege bustadar. Men nydeleg.

Jenter som er glade i is, et is heile året. Sjølv om me har fem lag med klede og det garantert er minusgrader. Smaken i dag er nocciola. Kanskje ein av dei beste. NAM.

I Italia er det lov å handla drinkar når du er under 20 år. Min aller fyrste drink på ein utestad i livet vart altså i Torino. Såppass stort at det kvalifiserte til eit bilete.

Veit ikkje om det går an å sjå, kor ENORMT dette vegkrysset er. Men her er me iallfall. Downtown Torino, og anar ikkje kvar me skal. Det er raudt ljos, men forbi oss susar mopedar forbi. Hallo. Dødssynd å køyra på raudt ljos. Ikkje her.

Og sånn ser det ut når fem menneske skal stuast inn i ein liten Fiesta med all bagasjen sin. Dette gjekk ikkje.

Vurdert til: av 20 lesere

Tips oss hvis dette innlegget er upassende