I USA er det visumplikt. I Noreg er eg statsborgar. I Italia må du ha opphaldsløyve. Det fekk eg førre fredag. På Questura. Politistasjonen i Vercelli. Etter å ha venta ein månad på avtalen min. Etter å ha måtta høyrt på formaningane til resepsjonsfolka på dormen om at dei MÅTTE ha opphaldsløyvet mitt snart. Etter å ha sett at alle dei andre internasjonale studentane hadde dette kortet. Etter alt. Fredag 3 november. Min tanke er fri, men det er ikkje eksistensen min i Italia. Questura her kjem eg!
Før Questuraturen har eg kopiert ei rekkje dokument. For ikkje nok med at dei skal ha kopi av pass og dokumentasjon frå Erasmuskontor. Dei vil også ha kopi av forsikring og dokumentasjon frå dormen om at eg ikkje er ei farleg terroristjente som som sluntrar rundt utan ein stad å bu. Eg har det med. Alt i hop.
Utanfor Questura er det ei herleg blanding av folk. I inngangen sperrar ein typisk looking italienar i uniform (alltid uniform i Italia) vegen og ser med mistenksamt blikk på alle som nærmar seg køa. Rundt meg er asiatar, arabarar, afrikanarar, albanarar, italienarar. Og eg då. I midten med den hylande, grøne bergansjakka mi. – Unnskuld. Men eg har ein avtale klokka elleve. Seier eg, og veit mektig godt at klokka berre er halv ti. – Ja, eg veit. Men eg har førelesning klokka elleve. Etter 15 minutt gløttar endeleg Mr. Viktig-Italienar-i-Uniform i mi retning og vinkar meg inn. – Prego. Å spankulera forbi ein lang kø av ukjende menneske med ymse nasjonalitetar er ikkje det er elskar å gjera, men satstar på at alle er harmlause. (Sannsynlegvis. Har berre sett litt for mykje på nyheitene).
Så smeller eg opp dokumenta til ei yngre dame. Ser bort på den eldre herremannen som forgjeves prøver å forklara noko til ein surpomp av ein italiensk politimann, og gliser fint til ekspidisjonsdama mi. Rundt meg er det sånn passe forfalle. Alt har vore kvitt, men er det ikkje lenger. Innafor glasluka står gamle skap, sånne som du finn på eldgamle kommunehus i Noreg, men som alle har forkasta fordi dei forsurar arbeidsmiljøet, og forlengst er ubrukelege. Her er dei veldig brukelege. Det finst ingen digitale og fasjonable datostemplingar, eller inntasting av personleg informasjon på dataen. Her går det for hand. Og stempelet. Ja, det er same stempel som bibliotekaren nytta for mange år sidan for å stempla på kortet ditt kor lenge du ville ha boka. Opphaldsløyvet mitt er intet kort. Det er ein papirlapp. Meir sånn her:
Men før eg får utdelt slippen min, må eg forsera nokre utfordringar. Fyrst av alt. Kor tid kom du til Italia. Kor tid kom du til Italia. Du er norsk? Tre innleiande spørsmål. Så får ho sjå passet mitt. Blar og blar. Finn mitt amerikanske, tre år gamle visum. Interessant. Ser og ser. Ser litt på meg. Ser litt på kollegaen sin. Går bort til kollegaen sin. Forsvinn inn i eit anna rom saman med kollegaen sin.
Venta. Venta. Venta. Venta. I ti minutt.
- Scuuusse mee. Juuuii aaarrr båårrn iin Diiissember? Si. Seier eg. Den einaste engelsktalande dama på huset har tydelegvis fått rett svar og forsvinn. Ekspiditørdama mi smiler og nikker og starta å skriva ut løyvet mitt.
Så traskar eg til førelesning, nøgd og glad over å vera lovleg inhabitant i dette søte samfunnet av ikkje-engelsktalande menneske. Det er berre ein ting eg lurar litt på. Kva var det eigeltleg så var så interessant med det passet mitt. Og var "fødd-i-desember-spørsmålet" berre ein dekkoperasjon for noko anna. Kanskje dei trur eg er terrorist. Kanskje dei trur eg er gal. Kanskje dei kjem for å henta meg ei mørk natt. Kanskje dei tok tusen kopiar av passet mitt og skal stela identiteten min. Kanskje eg liknar på ei som forsvann for ti år sidan.
Kanskje ikkje. Kanskje dei spurde berre fordi dei var flaue over å ha latt meg venta så lenge.



